TRUDE LØSETH
Oslo - Norway
contact: trudeloseth@gmail.comLitt om meg
Eg er fødd og vaks opp i Ålesund på Sunnmøre. I familien vart interressa for skapande aktivitet og menneske vekt tidleg, så etter vidaregåande skole blei det årseining i forming, med vekt på bilde og skulptur, ved Høgskolen i Volda. Så gjekk vegen vidare til Ergoterapiutdanningen i Oslo, og fleire år med ulike ergoterapistillingar ved side av eige skapande arbeid, før eg endeleg kunne kombinere desse to interessefelta.
Eg har budd ti år i Paris, og der fekk eg høve til å følge undervisinga hos skulptør Anne Tregloze, og samstundes stifte kjennskap med området kunstterapi gjennom jobben som ergoterapeut.
Tilbake i Norge kan eg no kombinere desse to fagfelta, og driv Kreativt verksted i halv stilling v/Ahus, DPS Groruddalen. Bruken av kunst innan helse har stor skapende, og gjenskapende kraft, opplever eg. Det som ikkje alltid kan uttrykkast i ord, kan finne ein annan veg og form ut. Å jobbe med kunst kan vere frigjerande, fordi ein er tilstades 'her og no'.
I tillegg til dette gjer eg mitt eige skapande arbeid. Etter at eg flytta tilbake til Oslo, følgde eg kurs i maling ved Dag Vatles maleskole i Oslo. Eg likar å jobbe både med det todimensjonale og det tredimensjonale og ulike materiale, men papiret inspirerer meg ofte. Meir om det kan du lese under Om arbeidet mitt .
Eg bur saman med mannen min og dei to jentene våre i Fetsund, utanfor Oslo.
Galleri
- Skulpturar (21 albums)
- Bilde (13 bilder)