Om arbeidet mitt

Å fange det flyktige -ein augneblink, ei rørsle eller ei stemning står sentralt i arbeidet mitt, enten det er i skulpturar eller i bilete. Eit anna fellestrekk er bruken av papir, enten i todimensjonal eller tredimensjonal form. Frå barnsbein har formene og uttrykka i naturen inspirert fantasien, i ei sky, ei trerot eller i ein søleflekk.

Papiret har sidan slutten av ungdomstida fasinert meg. Det er skjørt og lett, og samstundes kan ein oppnå ein stor styrke med det. Variasjonane i uttrykk er uendelege. Papiret er skapt av menneskets energi og idear, og ofte ved hjelp av maskiner. Papiret kan formidle kun i kraft av sitt eige uttrykk , i form av struktur og overflate Papiret innbyr til å formidle ei histore, og desse kan delast. Avissider er ofte med i arbeidet mitt, og i sitt opprinnelege uttrykk har desse kun verdi ein dag. Innlemma i ein skulptur lever desse historiene vidare i ein ny samanheng. Særlig i vår tid, der mykje av formidlinga skjer digitalt, og vi ofte har vanskeleg for å ta vare på spora, blir det å bruke dette papiret viktig for meg. Korleis vil tilgangen på dette materialet vere om 20 år?

Papiret er laga av fibrar, ofte tre. I skulpurane mine kombinerer eg særleg tre og papir, begge med same opprinning. Drivveden og røtene eg nyttar i skulpturane mine er forma av naturens energi - av vatn, vind og tid. Papiret av menneskeleg verksemd. Det å sameine desse to materia, som elles ville ha gått tilbake i kretsløpet utan å setje spor, er noko eg synest er spennande. Som livet elles veit ein ikkje på førehand korleis uttrykket vil bli, berre at kvart uttrykk er unikt.

Eg tar det menneskeskapte papiret attende til naturen, men i ei ny form, og fortel ei ny historie.

Leire er min andre lidenskap. Eg likar den konkrete opplevinga i kontakta med leira, med jorda vi kjem frå, og "her og no" - kjensla som eg ofte opplever i prosessen. I tillegg kjem det universelle aspektet med dette materialet, at folk til alle tider, og alle stader, har brukt det for å uttrykke seg.

Galleri